WordPress is continually under development. Currently, work is underway on Phase 2 of the Gutenberg project. The Gutenberg project is a reimagination of the way we manage content on the web. Its goal is to broaden access to web presence, which is a foundation of successful modern businesses. Phase 1 was the new block editor, which was released in WordPress 5.0, you can see that in action here. Throughout 2020 there is a focus on full site editing as we continue to progress through Phase 2.
For 2020 the project also has the following 7 priorities, as outlined in this post by project executive director Josepha Haden:
- Lag ei blokk for navigasjonsmenyar.
- Lag ein WordPress.org-katalog for å oppdaga blokker, og ein måte å installera dei saumlaust på.
- Finn fram til ein måte brukarar kan velja å få automatiske innstikk- og bunadoppdateringar på.
- Finn ein måte å la bunader visuelt registrera innhaldsområde, og gjer dei synlege i Gutenberg.
- Oppgrader områda for småprogramredigering og tilpassinga slik at dei støttar blokker.
- Finn fram til ein måte brukarar kan velja å installera nye kjerneutgåver på automatisk.
- Lag eit Triage-lag for å handtera dei 6.500 opne programfeila Trac.
Vil du vera med? Gå til Lag WordPress! Me treng alltid folk til å omsetja, utforma, dokumentera, utvikla og blesta WordPress..
Planlagde utgjevingar
Her er dei planlagde utgjevingane, og lenkjer til milsteinane deira i programfeiloversikta vår. Alle datoar er omtrentlege og tener til diskusjon og planlegging, og dei vil bli fastslegne når me nærmar oss utgjeving.
Versjon | Planlagt |
---|---|
5.5 (Trac) | august 2020 |
5.6 | desember 2020 |
5.7 | mars 2021 |
5.8 | juni 2021 |
5.9 | september 2021 |
6.0 | desember 2021 |
Sjå den førebelse utgjevingskalenderen for 2020-2021 om du vil veta meir om dei planlagde WordPress-utgjevingane.
Månaden før ei utgjeving blir det stengt for nye funksjonar, og me arbeider berre med å kvalitetssikra utgjevinga ved å fjerna programfeil og prøva koden for å sikra god yting.
Du kan lesa meir om tidlegare utgjevingar på historikksida vår.
Langtidsplan
Me reknar med at me treng mesteparten av 2019 til å fullføra fase to av Gutenberg, men me har allereie planar for fase tre og fire. Fase tre vil handla om samarbeid og fleirbrukarredigering. Fase fire vil gje støtte for fleirspråklege nettstader.