Vegen vidare

Wordpress blir stadig vidareutvikla. Akkurat no arbeider me med fase to av Gutenberg-prosjektet. Med dette prosjektet vil me tenkja nytt om korleis me handterer innhald på nettet. Målet er å gjera det enklare å vera til stades på nett, noko som er grunnleggjande for at verksemder skal lukkast i framtida. Fase ein var den nye blokkredigeringa, som vart gjeven ut med WordPress 5.0. Du kan sjå programmet i aksjon her. I 2019 legg me mest vekt på fase to, som vil gjera det mogleg for bunader å registrera innhaldsområde visuelt, og syna dei fram i Gutenberg.

I 2019 har prosjektet prioritert ni punkt, slik prosjektleiar Matt Mullenweg skreiv i dette innlegget:

  • Lag ei blokk for navigasjonsmenyar.
  • Overfør alle dei eksisterande småprogramma til blokker.
  • Oppgrader områda for småprogramredigering og tilpassinga slik at dei støttar blokker.
  • Finn ein måte å la bunader visuelt registrera innhaldsområde, og gjer dei synlege i Gutenberg.
  • Flett netthelseinnstikket inn i kjerna, og ver med på å avlusa og oppmoda til god programhygiene.
  • Finn fram til ein måte brukarar kan velja å få automatiske innstikk- og bunadoppdateringar på.
  • Finn fram til ein måte brukarar kan velja å installera nye kjerneutgåver på automatisk.
  • Lag ein WordPress.org-katalog for å oppdaga blokker, og ein måte å installera dei saumlaust på.
  • Lag eit Triage-lag for å handtera dei 6.500 opne programfeila Trac.

Vil du vera med? Gå til Lag WordPress! Me treng alltid folk til å omsetja, utforma, dokumentera, utvikla og blesta WordPress..

Planlagde utgjevingar

Her er dei planlagde utgjevingane, og lenkjer til milsteinane deira i programfeiloversikta vår. Alle datoar er omtrentlege og tener til diskusjon og planlegging, og dei vil bli fastslegne når me nærmar oss utgjeving.

Versjon Planlagt
5.3 (Trac) 2019

Månaden før ei utgjeving blir det stengt for nye funksjonar, og me arbeider berre med å kvalitetssikra utgjevinga ved å fjerna programfeil og prøva koden for å sikra god yting.

Du kan lesa meir om tidlegare utgjevingar på historikksida vår.

Langtidsplan

Me reknar med at me treng mesteparten av 2019 til å fullføra fase to av Gutenberg, men me har allereie planar for fase tre og fire. Fase tre vil handla om samarbeid og fleirbrukarredigering. Fase fire vil gje støtte for fleirspråklege nettstader.