GNU Public-lisensen

Lisensen for WordPress-programvara er GPLv2 (eller nyare) frå Free Software Foundation. Det ligg ved ein kopi i alle utgåver av WordPress, men du kan òg lesa heile lisensen her.

Ein del av denne lisensen skildrar krav til avleidde verk, slik som innstikk og bunader. Avleidde verk av WordPress-koden arvar GPL-lisensen. Drupal, som har same GPL-lisensen som WordPress, har ei framifrå side om lisensar som gjeld bunader og modular (deira utgåve av innstikk).

Det er nokre gråsoner kring kva som blir rekna for eit avleidd verk eller ikkje, men me føler absolutt at innstikk og bunader er avleidde verk og difor arvar GPL-lisensen. Viss du er usamd, kan du vurdera andre lisenser, slik som Serendipity (BSD-lisens) eller Habari (Apache-lisens) i staden.