Funksjonar

Wordpress driv meir enn 35% av veven — og det veks kvar dag. Alt frå enkle nettstader, bloggar, komplekse portalar til konsernsider, til og med program, er bygde på WordPress.

WordPress er lett å bruka for vanlege folk, og samstundes komplisert nok for utviklarar. På den måten er det både fleksibelt og enkelt. I lista under ser du nokre av funksjonane som fylgjer med som standard i WordPress, men hugs at det finst tusenvis av utvidingar og innstikk som legg til fleire funksjonar i WordPress. Du kan gjera nesten kva som helst. Du kan òg gjera kva du vil med WordPress-koden, endra eller utvida han på alle måtar og for all bruk, utan lisenskostnader. Det er det fine med fri programvare. Ordet "fri" viser til både prisen og fridomen til å ha full kontroll over programvara.

Her er nokre av dei funksjonane me trur du vil setja pris på.

  • Enkelt og greitt
    Det er enkelt å koma seg på nett og laga innhald. Ingenting bør stå i vegen for å få nettstaden din opp og gå, og innhaldet ut i verda. WordPress er laga til for å få det til å skje.
  • Fleksibilitet
    Med WordPress kan du laga alle slags nettsider: ein personleg blogg eller nettstad, ein fotoblogg, ei firmanettside, ei profesjonell arbeidsside, ei side for styresmaktene, eit magasin eller ein nettstad med nyhende, eit nettsamfunn, til og med eit nettverk av nettstader. Du kan fiffa opp nettstaden din med nydelege bunader, og utvida han med eigne program-innstikk. Du kan til og med byggja ditt eige program.
  • Enkel publisering
    Viss du nokon gong har skrive eit dokument, vil du allereie vera lett i stand til å laga innhald med WordPress. Du kan laga innlegg og sider, utforma dei på enkelt vis, setja inn mediafiler, og med eit enkelt klikk leggja ut verket ditt på nettet.
  • Publiseringsverkty
    Med WordPress er det enkelt å verna innhaldet ditt. Lag kladdar, planlegg når du vil leggja dei ut, og sjå gjennom utgåver av innlegga dine. Gjer innhaldet offentleg eller privat, og vern innlegg og sider med passord.
  • Brukarstyring
    Ikkje alle treng same tilgang tli nettsida di. Styrarar handterer nettstaden, redaktørar jobbar med innhaldet, skribentar og bidragsytarar skriv innhaldet, og abonnentar har ein profil dei kan endra. På denne måten kan du ha mange bidragsytarar til nettstaden din, medan andre kan vera medlemmer av brukarsamfunnet ditt.
  • Mediastyring
    Det heiter seg at eit bilete seier meir enn tusen ord. Difor er det viktig for oss at du enkelt og lett kan lasta opp bilete og mediafiler til WordPress. Dra eog slepp media i opplastaren for å leggja det til nettstaden din. Skriv alternativ tekst, bilettekst og titlar, og set inn bilete og galleri i innhaldet ditt. Me har til og med nokre biletredigeringsverkty du kan leika deg med.
  • Fylgjer alle standarder
    Kvar einaste bit kode som WordPress lagar, samsvarar med W3C-standardene. Det tyder at nettstaden din vil verka i dagens nettlesarar, samstundes som han vil fungera i framtida. Nettsida di er og blir eit vakkert skaparverk.
  • Enkelt utformingssystem
    Wordpress har tre standardbunader, men viss dei ikkje passar, har me ein katalog med tusenvis av bunader som kan gje deg nydelege nettsider. Og om ingen av desse heller er etter din smak, kan du lasta opp din eigen bunad. Det tek berre nokre sekund å gje nettstaden ei full overhaling.
  • Utvid med innstikk
    Wordpress har massevis av funksjonar for ein kvar brukar. Alle tenkjelege andre funksjonar kan du få ved å bruka innstikk frå ein katalog med tusenvis av programtillegg. Få tak i avanserte biletgalleri, tillegg og program for sosiale nettverk, søppelvern, kalendrar, finstilte kontrollar for søkjemotorar, og skjema.
  • Innebygde kommentarar
    Bloggen din er heimen din på nettet, og kommentarar gjev høve for venene og fylgjarane dine til å samhandla med det du skaper. Kommentarverktya i WordPress gjev deg alt du treng for å vera eit forum for ordskifte, samt det du treng for å styra ordskfitet.
  • Tilpassa søkjemotorar
    Wordpress er tilpassa til søkjemotorar slik det kjem. For meir finkorna SEO-kontroll finst det rikeleg med SEO-innstikk som kan hjelpa deg.
  • WordPress på språket ditt
    Wordpress finst på meir enn 70 språk. Viss du eller den du lagar nettside for vil ha WordPress på eit anna språk enn engelsk, er det, enkelt å få til.
  • Enkel installasjon og oppgradering
    WordPress har alltid vore enkelt å installera og oppdatera. Mange nettvertar har-WordPress-installasjonar som let deg installera WordPress med berre eit klikk! Eller viss du likar best å bruka FTP-program, kan du laga ein database, lasta opp WordPress med FTP, og køyra installasjonsprogrammet.
  • Importar
    Bruker du ein blogg eller eit nettsideprogram du ikkje er fornøgd med? Køyrer du din eigen blogg eller ein nettvert som skal til å stenga? WordPress har importverkty for Bloger, Livejournal, Movable Type, Typepad, Tumblr og WordPress. Viss du er klar til å ta spranget, har me gjort det enkelt for deg.
  • Eig dine eigne data
    Nettvertar kjem og går. Viss du har brukt ei nettenest som forsvann, veit du kor ille det kan vera. Og viss du har sett annonsar som dukkar opp på nettstaden din, har du truleg vorte temmeleg irritert. Når du bruker WordPress, har ingen tilgang til innhaldet ditt. Du eig dine eigne data, alt saman — din nettstad, ditt innhald, dine data.
  • Fridomar
    Wordpress er gjeve ut under GPL-lisense, som vart laga for å verna om fridomane dine. Du er fri til å bruka WordPress på den måten du vil: Installer, bruk, endra og sprei programmet. Programvarefridom er grunnmuren som WordPress er bygd på.
  • Samfunnet
    Wordpress er eit av dei største innhaldssystema på nettet, og har eit levande og støttande brukarsamfunn. Spør eit spørsmål på foruma og få hjelp frå ein friviljug, ver med på ein WordCamp for å læra meir om WordPress, eller les bloginnlegg og rettleiingar om WordPress. Brukarsamfunnet er i hjarta av WordPress, og gjer programmet til det det er i dag.
  • Bidra
    Du òg kan vera WordPress! Hjelp til å laga WordPress, svar på spørsmål på foruma, skriv dokumentasjon, omset WordPress til språket ditt, hald føredrag på ein Wordcamp eller skriv om WordPress på bloggen din. Uansett kva du kan, vil me gjerne ha deg med!

Utviklarfunksjonar

For utviklarar har me ei mengd gøymde godbitar du kan bruka til å utvida WordPress i kva retning du enn vil.

  • Innstikksystem
    WordPress-API-ane gjer at du kan laga utvidingar til WordPress. Det finst tusenvis av programmeringskrokar som du kan bruka som du vil. Når du har laga programtillegget ditt, finst det ein eigen katalog over programtillegg du kan leggja det ut på.
  • Bunadsystem
    Lag WordPress-bunader for klientar, andre brukarar, eller for deg sjølv. WordPress-APIane gjev utvidingshøve nok til å laga bunader som er så enkle eller innfløkte som du ynskjer. Viss du vil gje bunaden din bort gratis, kan du leggja han ut for brukarane i bunadkatalogen.
  • Rammeverk for program
    Viss du vil laga eit program, kan WordPress hjelpa til med det òg. WordPress har ei mengd funksjonar som programmet ditt vil trenga: Omsetjingar, brukarhandtering, HTTP-førespurnader, databasar, URL-ruting og mykje, mykje meir. Du kan òg bruka vårt REST-programmeringsgrensesnitt for å samhandla med programmet ditt.
  • Eigne innhaldstypar
    Wordress kjem med fleire ulike innhaldstypar, men for å få meir fleksibilitet kan du leggja til nokre kodeliner for å laga din eigen innleggstype, taksonomiar og metadata. Du kan endra WordPress i kva retning du vil.