Retningsliner for infokapslar

Infokapslar

Retningslinene våre for personvern forklarar kva prinsipp me bruker når det gjeld å samla inn, handtera og lagra opplysingar om deg. Desse retningslinene forklarer korleis me, samarbeidspartnarane våre og dei som bruker tenestene våre gjer bruk av infokapslar, og kva val du har når det gjeld å kontrollera dei.

Kva er infokapslar?

Infokapslar er små pakker med data som er lagra i tekstfiler, og blir lagra på datamaskina di eller andre einingar når du går inn på ei nettside frå ein nettlesar. Dei blir mykje brukte til å ‘hugsa’ deg og innstillingane dine, anten for eitt einskilt besøk (gjennom ein ‘øktkapsel’), eller for fleire besøk (gjennom ein ‘varig kapsel’). Dei syter for at nettstaden fungerer effektivt og konsekvent for brukarar, og utfører grunnleggjande oppgåver, slik som å gje brukarar høve til å logga inn. Infokapslar kan bli laga av nettstaden du er inne på (det kan me kalla ‘fyrstepartskapslar’), eller av tredjepartar, slik som dei som bidreg med innhald, annonsar eller analyseverkty på nettstaden din ( ‘tredjepartskapslar’).

Infokapslar frå WordPress.org.

Me bruker infokapslar til mange føremål. Nokre av dei må til for at nettstaden skal fungera; andre gjer det mogleg å få ei brukartilpassa oppleving for gjester og registrerte brukarar; og nokre gjer det mogleg å visa annonsar frå utvalde tredjepartsnettverk. Nokre av infokapslane blir tekne i bruk når ei side blir lasta, eller når gjesten gjer noko bestemt (td. klikkar på ‘likar’- eller ‘fylgjer’-knappen på eit innlegg).

Under skildrar me kva typar infokapslar wordpress.org bruker, med nokre konkrete døme i tabellane som fylgjer. Det står namn og føremål. Nokre infokapslar blir berre brukte for innlogga brukarar, medan andre blir brukte for alle som besøkjer nettstaden. Desse er markerte. Når ein infokapsel berre blir brukt på ein bestemt undernettstad, står dei under den tilhøyrande overskrifta.

Heilt naudsynte: Desse infokapslane trengst for at WordPress.org skal fungera. Det inkluderer kapslar som trengst for at dei registrerte brukarane skal kunna logga inn og utføra ulike handlingar som har med brukarkontoen å gjera.

Funksjonar: Desse infokapslane blir brukte til å lagra brukarval, slik som konotnamn, språk og plassering.

Yting: Infokapslar for yting samlar opplysingar om korleis brukarane samhandlar med nettstadene på WordPress.org, inkludert kva sider som blir lesne oftast, samt andre analysedata. Desse opplysingane blir berre brukte til å få nettstaden til å fungera betre.

Sporing: Desse blir laga av tredjepartsnettverk me stolar på (td. Google analytics) for å spora detaljar som besøks- og gjestetal, slik at me kan gjera brukaropplevinga betre.

Innhald frå tredjepartar: WordPress.org brukar ulike program og tenester frå tredjepartar til å gjera nettstaden betre for lesarane. Slike tenester er sosiale platformer som Facebook og Twitter (med deleknappar), eller innebygd innhald frå Youtube og Vimeo. Difor kan det koma infokapslar frå desse tredjepartane, og dei kan bli brukte til å spora aktiviteten din på nett. Me har ingen direkte kontroll over kva opplysingar desse infokapslane samlar inn.

wordpress.org

Infokapsel Tidsrom Føremål Berre innlogga brukarar?
devicePixelRatio Nettlesarstandard (eitt år) Blir brukt for å endra nettstaden så han passar til skjermen din. Nei
wordpress_test_cookie Økt Test om nettlesaren godtek infokapslar. Nei
_ga To år Google Analytics - Used to distinguish users. Nei
_gat_<property-id> 1 minute Google Analytics - Brukt til å styra mengd førespurnader. Nei
_gid 24 hours Google Analytics - Used to distinguish users. Nei
tk_ai 24 hours Jetpack - Stores the unique identifier for the publisher to enable Jetpack to collect data. Nei
tk_lr Eitt år Jetpack - Stores the unique identifier for the publisher to enable Jetpack to collect data. Nei
tk_or Fem år Jetpack - Stores the unique identifier for the publisher to enable Jetpack to collect data. Nei
wp-settings-{user_id} Eitt år Blir brukt for å lagra wp-admin-oppsettet for ein brukar. Ja
wporg_logged_in
wporg_sec
14 dagar dersom du vel “Hugs meg” når du loggar inn. I andre tilfelle, like lenge som økta varer. Blir brukt for å kontrollera om gjesten er ein innlogga brukar på wordpress.org. Ja
wporg_locale Eitt år Used to persist a user’s locale configuration. Ja

make.wordpress.org

Infokapsel Tidsrom Føremål Berre innlogga brukarar?
welcome-{blog_id} Varig Blir brukt for å hugsa om du har valt å gøyma “Velkomen”-meldinga på toppen av bloggen. Nei
showComments 10 år Blir brukt for å avgjera om du vil syna eller gøyma kommentarar når du les nettstaden. Nei

*.trac.wordpress.org

Infokapsel Tidsrom Føremål Berre innlogga brukarar?
trac_form_token Økt Blir brukt som tryggleiksteikn mot åtak frå forfalska spørjingar på tvers av nettstader.. Nei
trac_session 90 dagar Blir brukt for å lagra anonym informasjon om økta. Nei

codex.wordpress.org

Infokapsel Tidsrom Føremål Berre innlogga brukarar?
codexToken Eit halvt år Blir brukt til å sjekka om lesaren er innlogga på WordPress.org. Blir berre brukt om du vel “Ver innlogga” når du loggar inn. Ja
codexUserId
codexUserName
Eit halvt år Blir brukt for å kontrollera om gjesten er ein innlogga brukar på wordpress.org. Ja
codex_session Økt Blir brukt for å kontrollera om gjesten er ein innlogga brukar på wordpress.org. Ja

*.wordcamp.org

Infokapsel Tidsrom Føremål Berre innlogga brukarar?
camptix_client_stats Eitt år Blir brukt for å spora unike gjester til billettsida på ein Wordcamp-nettstad Nei
wp-saving-post 1 dag Blir brukt for å spora om det finst lagra innlegg for det innlegget du redigerer no. Viss det finst, kan du henta det fram att. Ja
comment_author_{hash} 347 dagar Blir brukt for å lagra namnet til kommentarskribenten, dersom du har huka av i boksen for “Lagre namnet, eposten og nettsida i denne nettlesaren til neste gong eg kommenterer”. Nei
comment_author_email_{hash} 347 dagar Blir brukt for å lagra eposten til kommentarskribenten, dersom du har huka av i boksen for “Lagre namnet, eposten og nettsida i denne nettlesaren til neste gong eg kommenterer”. Nei
comment_author_url_{hash} 347 dagar Blir brukt for å lagra adressa til kommentarskribenten, dersom du har huka av i boksen for “Lagre namnet, eposten og nettsida i denne nettlesaren til neste gong eg kommenterer”. Nei
wp-postpass_{hash} Ti dagar Brukt til å lagra økta viss eit innlegg er verna med passord Nei
wp-settings-{user} Eitt år Brukt til å lagra wp-admin-innstillingane til brukaren Ja
wp-settings-time-{user} Eitt år Tidspunktet wp-settings-{brukar} vart sett Ja
tix_view_token To dagar Brukt til å styra økter med privat CampTix-innhald Nei
tk_ai Nettlesarstandard Brukt til sporing Nei
jetpackState Økt Brukt for å vedlikehalda Jetpack Ja
jpp_math_pass Økt Sjekkar at brukaren svara rett på mattestykket då han logga inn. Nei
stnojs To dagar Hugs om brukaren ikkje vil køyra JavaScript Nei
wordpress_logged_in_{hash} Økt Hugs brukarøkta Ja
wordpres_test_cookie Økt Prøv om det går an å lagra infokapslar Nei

Styr infokapslar

Lesarar kan ha hug til å avgrensa infokapslar, eller hindra dei heilt. Dei fleste nettlesarar har innstillingar for infokapslar, til dømes kor lenge dei skal lagrast, anten gjennom innebygde funksjonar eller gjennom tredjepartstillegg.

Gå til aboutcookies.org for å lesa meir om korleis du handterer og slettar infokapslar. Du kan òg gå til youronlinechoices.eu (EU) eller aboutads.info (USA) for å lesa meir om reklame-infokapslar og korleis du handterer dei.

Det finst nokre alternativ for avmelding her:

Google Analytics - https://tools.google.com/dlpage/gaoptout

Hugs at å avgrensa eller skru av infokapslar kan avgrense korleis nettstader fungerer, eller hindra at dei fungerer skikkeleg i det heile.

WordPress.org

Creative Commons License