Betautgåver

Ustabile betaversjonar

Viss du har oversikt over PHP og vil vera med i testfasen av utviklingssyklusen vår, kan du melda inn feil du finn i beta-utgåvene våre.

Desse utgjevingane er i utgangspunktet ustabile, og du bør ikkje bruka dei på viktige stader. Tryggingskopier databasen din før du oppgraderer til ei betautgåve.Viss du vil høyra om dei siste utgåvene, er det beste tipset å lesa utviklarbloggen og beta-forumet.

Nattutgåver

WordPress blir utvikla ganske raskt, og til dagleg kan ting ryka like ofte som dei blir fiksa. Det raske tempoet er ein del av utviklingsprosessen vår, og har som mål å laga mest mogleg stabile utgjevingar.

Viss du vil vera med på denne prosessen, er det best å starta med betatesting-handboka.